tirsdag 21. april 2009

Tirsdag 21. april

Om 43 dagar kjeme mamma, pappa og Magnus til Richland. Eg gleder meg veldig mykje.

Men tilbake til kva eg har gjort på i helga. Lørdag, var ein ganske avslappande dag. Eg hadde huset for meg sjølv heile formiddagen. Eg snakka i telefonen med Mari i ein og ein halv time. Også snakka eg med tonje til eg gjekk tom for penger på telefonen. Eg hadde blitt invitert av ei jenta i ein av klassane mine om eg ville komma på ein fest ho skulle ha lørdags kveld, men eg sa nei fordi dei skulle drikka. Og eg vil helst ikkje bli sendt heim. 

Søndag var det orientation for alle utviklingstudentane til Shirley. Me møtes i Grandview, som ligger sikkert ein halv time fra Richland. Var kjekt å møta alle dei andre studentane igjen. Hadde ikkje sett Toni, Sydney og noken andre få sidan november. Hadde mykje løye å snakka om. Tilbrakte vell heile dagen der. 

Så no er eg tilbake på skulen igjen. Veldig avslappande veka. I går og i dag begynta me 11:30. Og på fredag så slutte me 11:30. Deilig. 
Til helga skal eg få musikkal med Sarah. Me skal sjå Once on this island. Richland high så har sin årlige musikkal. 

Men no er det middags tid, mac and cheese :)

1 kommentar:

Anonym sa...

me og har nedtelling til me skal reise over til deg. klem fra mamma