torsdag 4. september 2008

Dagna går fort!

Dagane her går utrulig fort. No har eg gått på skulen i ca. ei veka, og kan endelig finne alle klasserommo mine uten kart. Da er litt grett.. Har og komt inn i den amerikanske skulen. Me får leksa kvar dag, i nesten alle fag. Noko så eg ikkje fekk i norge, men eg synst da egentlig er heilt greit. Har og blitt kjent med fleire folk. Og i American Lit. timen i dag, så måtte eg fortela alle om vikingane. (me lese ei bok kalt Macbeth, og der er da vikinga)... Og eg kan i grunn ikkje så mykje om dei, men eg snakka faktisk om da i nesten 15 min... Og da fekk eg "credit" for. Credit det får me når me levere lekse, gjer ekstra arbeid og gjer ting så er bra, for å sei da sånn. Til meir credit ein får, til bedre karkter. Fekk og ekstra credit i gymmen i dag, fordi EG var den einaste person så gjorde det eg skulle. Me skulle først jogga 2 min, gå 2 min, jogga 4 min, gå 4, jogga 8, gå 4, osv. Og EG var den einste så jogga når me skulle jogga..( dei andre gjekk).. Mr. Cowen( lærar) og eg kom fram til at amrikanara er litt late. Men eg fekk vertfall ekstra credit!:)

I går gjekk dagen veldig fort. Eg hadde ein god del leksa, så der forsvant da ein god del tima. Men på kvelden, skulle eg å Reed laga pizza til Connie sidan ho skulle reisa dagen itte... Me var i grunn veldig flinke(ser du vekk i frå at me klarte å få mel i taket).. Pizzaen blei veldig god..!

Ja, som eg sa har Connie no reist. Ho skulle på noko jobb greie nere i California.. Ho kjeme heim på søndag kveld, så fram til det blir da bare Reed, Crash, Chloe og meg her i huset. Har lagt store plana allerede. I måro kveld skal me på football game. Gler meg! På lørdagen skal eg på orientation med alle dei andre utvikligstudentane. Da skal viss vara heile lørdagen.

Men no må eg begynna på leksene.. So, talk to you later!
Mari

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei Mari!
Kjekt å lesa bloggen din. Høyrest ut som om du har det bra! Kjekt med den førjulsturen til NY,- du får prøva å få Tone med deg på den. Ho er vel ikkje så vanskeleg å overtala.... kos deg vidare!

Anne Beate